Sandegga

Denne turen kan takast frå Nydalen eller Åsane. Vedlagte rute er frå Åsane.
Korleis kjem du deg dit:
Køyr frå Førde mot Jølster. Ta av mot Holsen i krysset ved Moskog (merkt Gaularfjellet). Ta første avkøyring til høgre mot Åsane. Og køyr opp forbi Åsevatnet og vidare opp til ei raud løe der det er mogleg å parkere. Ein kan også køyre eit stykke opp anleggvegen.
Følg anleggsveg/traktorveg opp til Åsastølen og vidare på merkt sti opp til Sandegga. Stien er bratt nokre stader.
Ca 7 km kvar veg frå Åsane.
Estimert tid 4-6 timar tur/retur.

Alternativ rute, som er noko lettare å gå:
Køyr frå Førde mot Jølster. Ta av mot Gaularfjellet i krysset ved Moskog. Ta til høgre rett før Holsavatnet ved skilt merkt Nydal. Ved Nydal tar ein til høgre mot Øvre Nydal. Køyr vegen til endes til Nydalsstølen. Her er det bompengar.
Parker ved ei mast.
Gå mot Nydalsstølen. Derfrå er det skilta og merkt sti opp til Sandegga. Jamn stigning opp til toppen.
Ca 3,5 km kvar veg frå Nydalsstølen.
Estimert tid 3-4t tur/retur