Borgåsen 90 moh

Bygdeborg / forsvarsanlegg fra Jernalderen. Borgåsen i Ogna er ei naturperle som folk flest ikkje veit om. Dei bratte fjellsidene gjer at det er lett å leggja merke til fjellet. Her oppe er utsikt til alle kantar. Dermed har det vore ein god stad å søkja vern mot fare. Restar av gammal forsvarsmur syner framleis godt. Dei bratte fjellsidene er godt forsvarsverk. Det er også stader å gøyma seg. Ein hellar kunne gi skjul for mange folk på ein gong.
I bygdeborgene kunne både folk og dyr samlast når det var fare på ferde. Ein trur at dei fleste er frå folkevandringstid, frå 350 til 600 etter Kristus.
Fin rundtur å ta alle tre - Borgåsen, Smøråsen og Grønåsen.
Distanse rundturen 7km og 2,5 timar inkl. ein kort pause
Parkering v/ bom på Helgå/Ogna hyttegrend, like innenfor Ognatun i Hå kommune.