FOGN (ØY) Domfjellet

FOGN er ei øy med om lag 350 innbyggjarar. Den ligg i Finnøy kommunedel som er ein del av Stavanger kommune. I tillegg til dei fastbuande er her mange hytter, som beriker lokalsamfunnet gjennom heile året, men særskilt på sommaren. Fleire kjem og til Fogn i eigne båtar, og legg seg til i ei av dei mange lune vikane rundt øya. Rossøysundet må særskilt nemnast, her med øya Rossøy med eigen tursti. Fogn er særleg kjent for sine mange veksthus med tomatplanter, og øya står for om lag 10% av Norges samla tomat produksjon. Elles er det eit rikt næringsliv og fleire bedrifter i ulike bransjar på øya. Egg og kyllingproduksjon, entreprenørar, byggefirma og butikk. Fogn oppvekstsenter inkluderer barnehage, sfo, skuletrinn frå 1. tom 7. klassetrinn. Kan og nemnast at vi har kyrkje bygd i 1991, bedehus, museum (Høgastevegen 138) og galleri (Fognavegen 394).
Me har godt utbygde turstiar. Studerer du informasjonstavla på kaien vil du finne alle dei merka turstiane og vil sjå at du kan gå korte eller lengre turar for å komme til det same målet. Turane går igjennom kulturmark, skog og utmark, men har alle i seg utsiktspunkt over flott Ryfylkegeografi.
Dei er alle merka med blått malt merke, enten på stein, tre eller påle.
For å koma offentleg til Fogn , må ein nytta ferje eller hurtigbåt
Det er ca 1 mil med bilveg rundt øya , pluss avstikkerar, som også er super som eit turmål i seg sjølv.
Øya har 2 badeplassar – Skinnvika - søraust på øya med merka tursti og Fyrstevik – nordaust på øya. Parkering blir langs veien.
I Holmastø kan du kjøre heilt ned til gammal kai og ta deg ein dukkert.
Butikken har åpent kvar dag, unntatt søndag 09 – 19 (18).
Sjekk elles ut fogn.org for meir informasjon.
Domfjellet
Område: Ryfylkeøyane
Type Fottur
Gradering Lett
Lengde og varighet ca 1 km, ca 40 min.
Sesong mai - okt.
Generell bandtvang pga dyr som beitar.
Domfjellet
Turen startar ved Erås museum, Høgastevegen 138. Her er det parkering og ein følger blå merker mot Domfjellet. Turen går gjennom kulturbeite. Det er gjerdeklyverar, men og enkelte plasser grind. Det er litt bratt opp mot toppen. Når ein kjem opp er det flotte berg å sitte på og fint skue mot Strand, Hjelmeland og utover mot Stavanger. Lokalt ser ein ned mot Selvågvågen som også er eit flott rekreasjonsområde. Nært vågen ligg også Equinor sine firmahytter. Frå Domfjellet ser ein og fleire av dei største gartneriene på Fogn.
Turstien går vidare til Ørnakulå og ein kan og gå ei rundsløyfe og komme attende til Erås.

Den anbefales å ta kontakt med Malvin Sandanger tlf: 93422191 for besøk i museet. Frå Erås museum er det heller ikkje langt til Galleriet (maleri og grafitt) til Bjørn Eriksen tlf: 918 57 058 Følg Høgasteveien nedover og køyr rett fram inn i Fognavegen så køyrer du ca 500 meter ned i bakken, så ligg galleriet på høgre hand, Fognavegen 394