TALGJE Østabøheiå

Østabøheiå ligg vest på Talgje og betyr den ytterste bøen (garden). Eit nydelig kulturlandskap med ei lun havn midt i det heile. Lengst vest i løypa ligg gamle hustufter frå 5-600 talet e.kr. På nordsida går løypa langs Ryfylke Rensefisk som ligg på den gamle ferjekaien som vart åpna i juni 1993 og nedlagt då Finnfast åpna i oktober 2009. Følg veien austover og gå hovedveien mot sør til rundkjøringa. Her går du tvers gjennom og går langs eit steingjerde til du kjem til ei gammal steintrapp som fører deg tilbake til Østabøvågen.