Ritlandskrateret 573 moh

Turen startar på Kleivaland i Vormedalen.
Turen er ei rundløype der målet er gapahuken med utsyn over meteorittkrateret på Ritland. Ritlandskrateret er eit ca 500 millionar år gamalt meteorittkrater med tverrmål på om lag 2,7 km, men det er delvis skjult.
I gapahuken finn du rikeleg med informasjon om krateret. I austenden av krateret vil du sjå ein 400 m høg skrent. Denne skrenten er restar av sjøleire som fylte krateret etter danninga. Dette er einaste staden i Rogaland der du kan finna fosil i fjellet.
Rundløypa følgjer for det meste traktorveg frå parkering på Kleivaland og opp til gapahuken. På returen kan du om du vil gå stien ned til STF si merka løype til mellom anna Melands Grønahei og Kleivaland, eller du kan ta same vegen tilbake.
Turen går stort sett i lett terreng og på godt underlag.
Lengde og varighet: 7 km og 2-3 timar tur/retur
Adkomst: Frå Hjelmeland sentrum følgjer du fylkesvegen mot Vormedalen og Tøtlandsvik (Vormedalsvegen) Avkjørsel frå fylkesvegen ved Laugaland er skilta til Kleivaland og Ritlandskrateret.
Meir informasjon om Ritlandskrateret kan du finna på www.ritlandskrateret.no