BRIMSE (ØY)

Å stiga i land på Brimse er som å komma 50 år tilbake i tid. Smale veier, små teigar, steingardar, jordkjellerar og beskjedne driftsbygningar viser at øya har vore skåna for eit intensivt, industrialisert landbruk. Kontrasten mellom dei store jordbruksflatene på Østhusvik og det kuperte beiteprega kulturlandskapet på Brimse er stor. Det er ikkje mange slike områder igjen i Rogaland.

Fornminner viser at Brimse har ei lang busetningshistorie. Rydningsrøyser, bautastein, gravhaugar, gravfunn og rester etter bygningar fortel om ei to tusenårig lang historie. Men likevel, dei fleste spor etter fortida ligg sannsynlegvis under jordoverflata, godt bevart for ettertida, nettopp fordi Brimse har lege relativt urørt. I dag er det kun to gardsbruk i drift på Brimse. Resten av jorda blir forpakta av bruk på Østhusvik. Framleis må du i båt for å komma til Brimse. Rutebåten anløper Brimse kai, men sjekk rutetidene!

Velforeningen på Brimse har merka ein flott rundtur. Løypa startar i veisvingen like ovenfor kaien og dersom du følgjer denne, vil du få et flott tverrsnitt av naturen på øya. Løypa går for det meste nær stranda, men vekslar mellom hasselskog, lynghei, fuktig oreskog, beitelandskap og ikkje minst nydelige svaberg. Fleire stader passeres hytteeigedommar. Enkelte gamle, store naust fortel om tidligare bruk av fjorden frå gamal tid. Men ta deg også tid til ein tur på den koselige veien etterpå. Då får du med deg gards- og bygningsmiljøet på øya. Rundturen er i alt på 5 km.
Kilde: ut.no
ADKOMST
Ferje
https://www.kolumbus.no/globalassets/ruter/baatruter/rutetabell-ryfylkeferjen.pdf
Hurtigbåt.
https://www.kolumbus.no/globalassets/ruter/baatruter/ryfylke_rutetabell.pdf
Egen båt. Gjestebrygge på utsiden av flytemolo nord for den gamle kaien.
Tidsbruk 2 timer, eller fra du går i land til båten går igjen.
Vanskelighetsgrad Lett
Mat Ikke salg av mat.
Fiske Sjøfiske langs løypa
Båndtvang Hele året
Bading Flotte svaberg
Ymse Toalett og grillplass.