TALGJE Gongstø, hurtigbåtkaien.

Talgje er den øya som ligg lengst mot sør i gamle Finnøy kommune, med sine 270 innbyggjarar blant kyr, sauer, tomater, blomster og ei øy full av gamal historie.
Talgje Kyrkje er ei av dei eldste og minste steinkyrkene i Norge frå år 1140. Her fins historier om mektige adelsmenn, sjørøvarar og utvandringar til Amerika. Baron Gaute frå Tolga, Gard Toresson, Helliga Birgitta og riddar Olav Nilsson er velklingande navn.
Tur 1 Talgje kyrkje/Gongstø
Turen kan du starta frå hurtigbåtkaien i Gongstø eller v/Gard Gartneri. Det er god parkeringsplass begge stader.
Starter du i Gongstø, følger du stien som går på nordsida. Talgje har ein unik blomsterflora. Spesielt i april/mai er denne turen enormt blomsterrik. Du ender til slutt oppe ved kyrkja, absolutt verdt å ta ein tur inn. Alltid opplåst.
Følg så veien ned til Gard Gartneri, vidare veien ned til Gardsvågen, til venstre og langs sjøsida tilbake til hurtigbåtkaien. Starter du ved Gard Gartneri er turbeskrivelsen akkurat lik.
AdkomstKjør Rennfast/Finnfast og ta til høgre nede i Finnfast mot Talgje. Oppe på Talgje, kjør til venstre i rundkjøring og fortsett rett fram 2-3 km.
Hurtigbåt. https://www.kolumbus.no/globalassets/ruter/baatruter/ryfylke_rutetabell.pdf
Egen båt. Gardsvågen.
Tidsbruk 2 timer
Lengde 4,5 km
Vanskelighetsgrad Lett
Mat Kiwi og COOP Extra på Judaberg.
Fiske Frå svaberg langs sjøen.
Båndtvang Heile året
Bading Frå svaberg langs sjøen. Off. badeplass i Gardsvågen.
Ymse Frisbeegolf. http://frisbeegolf.no/hassimuss/images/talgje_banekart.pdf
Gard Gartneri. http://www.gardgartneri.no/
Fiolen Familiepark. https://fiolenfamiliepark.no/?page_id=182
Talgje kyrkje. https://www.facebook.com/talgjekyrkje/