FOGN (ØY) Ørnakulå

FOGN er ei øy med om lag 350 innbyggjarar. Den ligg i Finnøy kommunedel som er ein del av Stavanger kommune. I tillegg til dei fastbuande er her mange hytter, som beriker lokalsamfunnet gjennom heile året, men særskilt på sommaren. Fleire kjem og til Fogn i eigne båtar, og legg seg til i ei av dei mange lune vikane rundt øya. Rossøysundet må særskilt nemnast, her med øya Rossøy med eigen tursti. Fogn er særleg kjent for sine mange veksthus med tomatplanter, og øya står for om lag 10% av Norges samla tomat produksjon. Elles er det eit rikt næringsliv og fleire bedrifter i ulike bransjar på øya. Egg og kyllingproduksjon, entreprenørar, byggefirma og butikk. Fogn oppvekstsenter inkluderer barnehage, sfo, skuletrinn frå 1. tom 7. klassetrinn. Kan og nemnast at vi har kyrkje bygd i 1991, bedehus, museum (Høgastevegen 138) og galleri (Fognavegen 394).
Me har godt utbygde turstiar. Studerer du informasjonstavla på kaien vil du finne alle dei merka turstiane og vil sjå at du kan gå korte eller lengre turar for å komme til det same målet. Turane går igjennom kulturmark, skog og utmark, men har alle i seg utsiktspunkt over flott Ryfylkegeografi.
Dei er alle merka med blått malt merke, enten på stein, tre eller påle.
For å koma offentleg til Fogn , må ein nytta ferje eller hurtigbåt
Det er ca 1 mil med bilveg rundt øya , pluss avstikkerar, som også er super som eit turmål i seg sjølv.
Øya har 2 badeplassar – Skinnvika - søraust på øya med merka tursti og Fyrstevik – nordaust på øya. Parkering blir langs veien.
I Holmastø kan du kjøre heilt ned til gammal kai og ta deg ein dukkert.
Butikken har åpent kvar dag, unntatt søndag 09 – 19 (18).
Sjekk elles ut fogn.org for meir informasjon.
Ørnakulå:
Gradering Middels
Lengde og varighet ca 5 km, og ca 2,5 time
Generell bandtvang pga dyr på beite.

Ein startar vanlegvis turen ved butikken. Her er god parkering. Kjem ein med hurtigbåt kan ein gå direkte frå kaien og opp merka løype som byrjer ved trappene.
Ein følger då merka sti opp på flaten, forbi oppvekstsenteret og over veien til butikken. Derifrå vil ein bli leia vidare over gjerdeklyvar og med blå merking gjennom kulturbeite , via ein stigning i terrenget og oppover mot åpent landskap til «Peråsen»(her er det og poeng å sanke). Ta deg en velfortjent kvil og litt drikke og nyt den flotte utsikten over sør Fogn nærast, Finnøy, Talgje, Rennesøy, Strandalandet og sjøen i ytre Ryfylke og mot Stavanger og Sandnes ytterst.
Vidare er stien merka med blått mot nord av øya. Her slyngar stien seg gjennom kulturbeite og endar på Fogns høgaste veipunkt. Ein kryssar veien og fortsett nedover 50 meter og krysser via gjerdeklyvar på venstre side mot merka tur til Ørnakulå.
Det er lagt ut tau til å halde seg i 2 plassar, men heilt ufarleg, bare litt kjekt. Det er nokon «brattare klatreparti,» men ingen problem om du er middels vant med tur i terreng.
På toppen etter endt siste klatring blir du belønna med ein magisk utsikt over store deler av Ryfylke, både sjø, fjord og fjell. Her vil du også sanke poeng i konkurransen, så ikkje gje deg.