TALGJE Østabøheiå NB! Ny løype, nytt innskjekk.

Østabøheiå ligg vest på Talgje og betyr den ytterste bøen (garden). Eit nydelig kulturlandskap med ei lun havn midt i det heile. Lengst vest i løypa ligg gamle hustufter frå 5-600 talet e.kr.
Parkering nede i Østebøvågen ved dei nye sjøhusa. Gå ned til den gamle skipskaien og utover mot vest langs sjøen og inn i skogen.