TALGJE Østabøheiå - Dei gamle murane

Dei gamle hustuftene inne i granskogen ligg som eit minne om folk som budde her i folkevandringstida, 3-500 år e.kr. Det blei foretatt utgraving i regi av Stavanger Museum i 1935 v/ Jan Petersen. Huset et eit såkalla langhus på 23 x 7 meter, inndelt i fleire rom, både til folk og dyr. Det var lite å finna under utgravinga, berre litt potteskår og kullrester. Kanskje budde dei her i 150-200 år før folket flytta lenger inn på Talgje.
Jernaldergården på Ullandhaug er frå same tidsalder.
https://www.uis.no/nb/besok-jernaldergarden-pa-ullandhaug