Linken (Tøsdalsfjellet)

479 m.o.h.
Turen startar ved parkeringsplassen på Tøsdal. Turen til Linken er bratt og krevjande heilt opp til toppen. Dei første 300 meterane går du på grusa sti.Ved første kryss tek du til venstre. Stien vidare går på stein og jordbotn. På ein del av stien er det ein del røter som blir glatte ved nedbør. Pass på!

Frå parkeringsplassen og opp til toppen er det om lag 1,9 km. Frå toppen ser du mellom anna Osbygda, Austevold, Tysnes og byfjella i Bergen.