Kråkenos

Parkering på parkeringsplass rett før Nedre Bolstad i Øvre Hålandadal. Det er oppslagstavle på parkeringsplassen som viser kvar turen går. Vis omsyn mår du går gjennom gardstunet og hugs å lata att grinder på vegen.
Du skal fylgja den gamle ferdslevegen mellom Hålandsdal og Strandbarm eit godt stykke. Stien er merka via Stigen. Det er ein litt luftig tur i fastbolta stokkar. Det går ein alternativ sti lenger aust, den startar ved steingarden rett ved elva. Den er noko lenger.
Fyl stien til Røyndalsvatnet. Stien vidare går langs sørsida av vatnet og over eit myrterreng. Du kjem til eit stidele ved utløpet av Skarsdemma der du tek til venstre til Kråkenos. Om lag 6 timar tur/retur.