Bås (Munketrimmen)

Bås (uttalast "Baos") er eit beite i lia over Eidnes, idyllisk og vakkert kulturlandskap under Duk-berget. Følg skilting og stien opp til Høyskor, stien går opp vidare frå Høyskor. Dette er den gamle ferdselvegen til fjells via Ulvskjaft. Dette er ein fin rundtur, og frå Bås går stien vidare nordover til ei gamal støl over Myrset. Frå der går stien ned til Myrset.