Reisætereggjet

Reisætereggjet. Rød tur.
Denne turen brukar same trasè som Buførevegen opp Reisetærlia til varden.
Gå gardsvegen i retning sørvest inn til Skrelet, følg skilta videre oppover på nordsiden av elva til du kjem til brua. Etter brua går stien i retning sør-vest mot Sherpatreppene. Herifrå går stien mest i steintrepper opp lia - forbi Drivdal, Øykjavadet, Nedste Kvilingehaug, Øvste Kvilingehaug og til Reisætereggjet i 1200 meters høgd der varden står.
Her har du ei fantastisk utsikt utover Sørfjorden i aust og deler av Folgefonna i vest.
Normal tidsbruk opp er ca 2 timar - ca 1,5 time ned.
På tur opp må du kryssa elva under Kvilingehaug. Vassføringa varierer og elva kan tidvis vera krevjande å kryssa.
I øverste del av lia/stien ligg det som regel ein del snøfenner tidlig i sesongen, som varierer mykje i storleik frå år til år.
Sjå ut.no - solnuttrimmen eller søk på reisetereggjet for meir info.

Adkomst.
Fra fylkesvei 550 mellom Odda-Utne tar du av ved Nå auto mot Reiseter. Her følger du asfaltert vei ca 3 km, til den endar på parkeringsplassen på Reiseter. Denne har plass til 8-10 bilar.