Kvestadstølen \ Skredløypa

Skredløypa. Blå tur.
Følg grusvegen oppover ca 700 meter, hold mot venstre og fortsett denne vegen ca 300 meter til skilt som viser Skredløypa. Følg merka rute, på traktorveg, så grov sti gjennom ei av Nordens største moreneurer, gjennom lauv- og barskog, forbi tjørn og småbekkar. Vidare på skogsveg, gjennom klyngjetunet Rogdo, ca 300 moh – sti og skogsveg, over myr og stølsområde til vakre Reiseter, kåra av Torleif Scheldrup til den finaste staden i Norge.
Turen er veldig godt merka og har ein stigning på ca 350 meter og nokre våte glatte parti.

Om du ønsker ein noko lettare tur, kan du gå fra Reiseter til Aga. Nedoverbakkane er denne veien i fleirtal. Du kan og ta halve turen, starta frå Rogdo og gå til Aga – eller til Reiseter – fine turar begge vegar.

Sjå ut.no - solnuttrimmen eller søk på skredløypa for meir info.

Adkomst. Denne turen kan startas fleire plasser fra.
Start frå Aga: Fra fylkesvei 550 mellom Odda-Utne tar du av ved Aga mot Rogdo, sving nordover mot Agatunet til du kjem til parkeringsplassen ved Sagatun.
Start frå Rogdo: Fra fylkesvei 550 mellom Odda-Utne tar du av ved Aga mot Rogdo. Her følger du veien til endes på grusveien. Parkeringsmuligheter er noe begrenset, da dette er eit klyngetun og private eiendommer. Sjå etter parkerings skilt på høyre side kor vegen endar. (Parkering til 3-4 bilar).
Start frå Reiseter: Fra fylkesvei 550 mellom Odda-Utne tar du av ved Nå auto mot Reiseter. Her følger du asfaltert vei ca 3 km, til den endar på parkeringsplassen på Reiseter. Denne har plass til 8-10 bilar. Start frå Reiseter: