Kromheller

Kromheller. Blå tur.
Følg den private skogsvegen opp til du kjem til stikkveg med skiltet som viser vegen mot Kromheller. Etter ca 100 meter tek du oppover mot selet på Åkrestølen, ca 325 moh.
Kromhellervegen går opp frå Åkrestølen, du kryssar Kromhellerbråte mange gonger til du kjem over skoggrensa. Her åpnar det seg ein flott utsikt over Sørfjorden. Følg videre merking til du kjem til postkassen som er plassert ca 200-300 meter over skoggrensa.
Turen er i det siste partier ganske bratt. På regnfulle dagar kan det for bli litt glatt og vått i turstien. Gode sko er å anbefala.
Åkrestølen var frå gamalt av ein mjøstøl. Her hadde dei kyrene vår og haust. Dei gjekk opp om kvelden, overnatta og bar mjølka heim neste morgon.
Sjå ut.no - solnuttrimmen eller søk på kromheller for meir info.

Adkomst.
Fra fylkesvei 550 mellom Odda-Utne tar du av ved Nå auto mot Reisete. Her følger du asfaltert veg 2 km til siste svingen opp under Kvestad. Her svinger du av til høgre og følger grusvegen ca 200 meter nordover til du kjem til bommen, der kan du parkere på høgre sida av svingen. Sjølv om vegen videre er egna for bilkøyring er dette ikkje lov, om ikkje du har avtale med grunneigar.