Uraturen

Uraturen. Grønn tur.
Dette er ein rund tur som kan startast i begge retningar. Som vist på kartet kan du ta ein fin tur frå Skotamyra, (fotballbanen på Aga) via Rogdaberg og ned til Nyeslåtten, eller du går i motsatt retning frå Parkeringa ved Sagatun Grendahus.
Turen startar på asfaltveg frå Skotamyra i retning Rogdo. Når du kjem til Rogdaberg viser vegen vidare med skilt mot Nyeståtten. Følg stien bratt oppover til du kjem opp til skredløpstrasen. Følg stien i norlig retnig mot Nyeslåtten, her flatar stien ut og går gjennom nordeuropas største steinur, midt inne i ura er det plassert ut ein benk og ein postkasse, kor du kan ta ein pust i bakken og nyta stillheten. Videre møter du tjern og gammal lauvskog. Stien er fin og er mykje brukt. Fortsett turen til du treff traktorvegen som fører deg ned til Nyeslåtte. Her går vegen videre på grusveg ned til parkering Sagatun.
Turen kan og startast frå Rogdo.
Sjå ut.no - solnuttrimmen eller søk på uraturen for meir info.

Adkomst.
Fra fylkesvei 550 mellom Odda-Utne tar du av ved Aga mot Rogdo. Her følger du veien til du kjem til Skotamyra, (fottballplassen), kor det er gode parkeringstilhøve. Du kan og starte turen frå parkeringsplassen ved Sagatun. I så fall tar du av ved Aga mot Rogdo, sving nordover mot Agatunet til du kjem til parkeringsplassen ved Sagatun. Ønsker du og starte på Rogdo følger du veien opp til Rogdo.