Agastølen

Agastølen. Blå tur.
Frå parkeringsplassen ved Sagatun følger du grusvegen oppover ca 200 meter til du møter skilt som viser vegen vidare til Agastølen, Nortveite, i nordvestlig retning. Hald fram på denne vegen heilt opp til Agastølen på ca 400 moh. Dette er ein godt merka stølsveg, i god stand, uten vassing eller andre våte område. Undervegs passerer du 3-4 småbekkar, den siste heilt oppe på Agastølen. Vegen går for det meste i skog, men har innmimellom utsikt mot sør, til fjord og fonn.
Vel oppe på stølen rett nordom stølshuset finn du ei makalaus utsikt.
Austom stølshuset, frå stupet, er det fin utsikt innover.
Sjå ut.no - solnuttrimmen eller søk på agastølen for meir info.

Adkomst.
Fra fylkesvei 550 mellom Odda-Utne tar du av ved Aga mot Rogdo, sving nordover mot Agatunet til du kjem til parkeringsplassen ved Sagatun.