Sjonarhaug

Sjonarhaug. Blå tur.
Turen til Sjonarhaug går gjenno sjekkpunktet til Agastølen. Totalt 45 poeng på denne turen.
Fra parkeringsplassen ved Sagatun følger du grusvegen oppover ca 200 meter til du møter skilt som viser vegen vidare til Agastølen, Nortveite, i nordvestlig retning. Hald fram på denne vegen heilt opp til Agastølen på ca 400 moh. Dette er ein godt merka stølsveg, i god stand, uten vassing eller andre våte område. Undervegs passerer du 3-4 småbekkar, den siste heilt oppe på Agastølen. Vegen går for det meste i skog, men har innmimellom utsikt mot sør, til fjord og fonn.
Vel oppe på stølen rett nordom stølshuset finn du ei makalaus utsikt.
Austom stølshuset, frå stupet, er det fin utsikt innover.
Du går frå Agastølen vidare ca 20 minutt til Sjonarhaug. Stien ut til Sjonarhaug er merka frå Agastølen. Her vil du få utsikt mot Velureskredene, ut Sørfjorden og inn Eidfjorden.
Sjå ut.no - solnuttrimmen eller søk på sjonarhaug for meir info.

Adkomst.
Fra fylkesvei 550 mellom Odda-Utne tar du av ved Aga mot Rogdo, sving nordover mot Agatunet til du kjem til parkeringsplassen ved Sagatun.