Berge - Bergesfjellet

Frå riksveg 541, Vika, fylgjer ein skilt merka “Berge”. Det går bilveg
fram til Bergehuset på Berge, ein strekning på ca. 0,5 km. Frå Bergehuset går
merka sti opp på fjellet. Skilt merka “Bergesfjellet” syner lettaste vegen. Stien
endar ved funn som er gjorde i torvmyrane her oppe. Funna er frå vikingtida;
vevsteinar og handkvernsteinar. Desse ligg no på lemen på Bergehuset. Det er
eit flott utsyn frå dette fjellplatået, som geologar meiner er flytta hit under ei
fjellkjedefalding i oldtida.
Bergehuset er vel verdt eit besøk. Bømlo Tur- og Sogelag eig huset. Det er
etter måten stort, 13,2 x 7 meter og har skut i nordre enden. I fyrste høgda er
det gong, to stover, to kammers og kjøkken med grue. Andre høgda har ein
stor sal i kvar ende, med utelem og kammers i midten. Huset er bygt av tømra
vegger, med bordkledning utvendig og pannetak. Bergehuset blir nytta som
“kulturstove” ved ulike høve.