Berge - Bergeseidet

Startpunkt er: Bergehuset (les om tur 2). Stien går først i nordleg
retning på traktorveg, vidare går stien langs vatnet. Enkelte parti er litt bratte.
Der er det festa tau til å halda seg i. Siste delen av turen går langs bekken ned
til Bømlafjorden. Der ligg eit kvernhus som Bømlo Tur- og Sogelag har
restaurert. Det er lagt ut gjestebok i kvernhuset. Kvar Skjærtorsdag
arrangerer Bømlo Tur- og Sogelag familietur på denne strekningen.
Kvernhuset på Bergeseidet var den fyrste bygningen Bømlo Tur- og Sogelag
tok seg av og verna. Det er gardane Hovland og Berge som eig kvernhuset.
Folket på Hovland rodde sjøvegen med korn og mjøl, medan gardbrukarane
på Berge frakta melderen med båt over Bergesvatnet. Sjølve kvernhuset er 4,2
x 3,6 meter. Det er tømra, med bordkledning på ytterveggane og med
steinheller på taket. Ein veit ikkje kor gamalt kvernhuset er. Eldste årstalet
som er skore i tømmerveggen er frå 1852. Vågen utanfor var tidlegare ein god
kastevåg for å fanga sild og makrell. Der ligg eit skvalpeskjer, kalla
Mjøltjuven. Namnet tyder på at einkvan har segla opp på skjeret og mista
mjølet.