Stuvasete, Munketrimmen

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 5.408 km
Turen går: Turen går én vei, fra A-B
Varighet: 2 timer
Gradering: Middels
Høydemeter totalt: 494
Sesong: April - Oktober
Område: Hardangervidda Ullensvang naturreservat

Beskrivelse

Frøyneslia følgjer ein rygg frå Ullensvang ved fjorden og til fjells. Langs ryggen er det stupbratt ned til Elvadalen der elva Opo renn mot Sørfjorden. Det spektakulære fossefallet Skrikjo, som er del av Opovassdraget, stupar ned mot dalen rett ovanfor Frøyneslia. Landskapet i området er typisk for Hardanger og Sørfjorden: Storslått og vakkert. Stølen Stuvasete ligg midt i lia og var tidlegare ein godt brukt støl, men er idag på veg til å forfalle. Det er framleis ein flott plass å oppleve, med spektakulær utsikt.

Vegen opp går frå kyrkja i Lofthus og opp vegen mot Frøynes. Ein tek så av og går ein rimeleg bratt sti mot Stølen. Frå Stuvasete og tilbake kan ein ta turen ned vegen mot Kolgrevene og Frøynes, for å gjere nedfarten noko mildare. Denne ruta kan sjølvsagt også nyttast opp, dersom stien vert for bratt.

Stuvasete er ein av turane i munketrimmen. Munketrimmen er eit trimtilbod på Lofthus som består av 10 ulike turar. Går du 8 av turane, (6 av 10 under 12 år) får du flotte premiar). Søk på Munketrimmen, arrangør UTIL (Ullensvang turn- og idrottslag).

Adkomst

Det er parkering ved Ullensvang Kyrkje. Turen går opp mot Folkehøgskulen, men før skulen går stien vidare mot Frøynes.

Stoppesteder

Buss frå Odda, Eidfjord, Geilo, Voss stoppar rett ved ved daglegvarebutikken på Lofthus. Hurtigbåt i sommarsesongen frå Norheimsund (busskorrespondanse til/frå Bergen) stoppar også her.

Linker