Heia til Roholtfjell

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 5.352 km
Turen går: Turen går én vei, fra A-B
Varighet: 2 timer 40 minutter
Gradering: Middels
Høydemeter totalt: 653
Sesong: Mai - Oktober
Område: Telemark Vest-telemark

Beskrivelse

Roholtfjell er det mest markerte og "minialpine" fjellet i Vrådal i Kviteseid kommune.

Landskapet her er karaktirisert av flate, blankskurte og bratte svaberg. Den bratte sørveggen blir nytta til fjell-klatringav lokalkjende. Fjellet består av to toppar som smale fjellryggar i aust-vestlig retning, og er greie å gå på i tørt vær. Mellom toppane er det eit djupt skar med små idylliske tjønnar med supervarmt badevatn sommarstid.

Turen til Roholtfjell, på T-merka tursti med grønne skilt, kan ein starte på to ulike stader. I Vrådal sentrum (Eidstod) og på Heia. Desse stiane møtast på Stemmyr. Derifrå er det ein sti til toppen. Stiane er ikkje returskilta. På begge startstader er det avmerka P-plass.
Fyrste del av turstien, med merkte og skilta alternativ på to stader, pga eventuell flaum og glatte berg, går i åpent lettgått terreng med furuskog til innunder foten av fjellet. Herfrå og opp til toppen av Austre Roholtfjell (1005 moh), er det bratt stigning langs to alternative merkte og skilta ruter. Ved siste oppstigninga til toppen er det lagt ut taug på to stader. (Vis omsyn og varsemd når du nyttar tauget). I varden på toppen er det lagt ut namnebok.

Til nabotoppen Vestre Roholtfjell (1018 moh), er det delvis merkte stiar uten fast standard. Ein oppå og ein nedunder fjellryggen, der begge går via tjønnane i skaret mellom toppane, og bratt opp til vestre toppen.

Turen på kartet er raudmerka og skilta etter DNT og Innovativ Fjellturisme sin standard. Det kan forekome andre skilt og merke i området.

Norwegian.
Roholtfjell is the most characteristic and "quasi-alpine" mountain in Vrådal, in Kviteseid municipality. Bare, scoured rock-faces dominate the landscape. The steep south wall is popular rock climbing destination among locals. The mountain has two peaks, stretching East-West across a ridge. Both are accessible in dry weather. The ponds in the vale warm up to comfortable bathing temperature in summertime.

You can begin the hike to Roholtfjell from two different locations: In Vrådal town centre (Eidstod), and from the heath between Vrådal and Kviteseid (Heia), near the local shooting range. The trails merge at Stemmyr from where a single trail leads to the top. Parking is indicated at both starting locations. The first part of the trail takes you through easy terrain and pine forest to the foot of the mountain. Alternativeshave been marked in case of flood and slippery rock. From there, the trail to Austre (Eastern) Roholtfjell (1005 metres) is a fairly steep ascent. The last section near the peak has rope suspended in two places to assist hikers. Exercise caution when using the ropest. By the cairn at the top, you may sign your name in the book provided.

To get to the Western peak (Vestre Roholtfjell), 1008 metres) follow paths in the vale between the peals.

The trail on the map is marked according to Norwegian Trekking Association (DNT) and Innovativ Fjellturisme standards. Other signage in the area may also occur.

Stoppesteder

Kan ta buss fra Vrådal eller fra Kviteseid til Heia.