Langedalsvatnet

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 2.651 km
Turen går: Turen går én vei, fra A-B
Varighet: 1 timer
Gradering: Middels
Høydemeter totalt: 332
Sesong: Hele året
Område: Stølsheimen, bergsdalen og vossefjellene

Beskrivelse

2, 5 km •1 time

Nærmiljøturen til Langedalsvatnet går rett frå sentrum i Sævareid og opp ei bratt li på god skogsveg. Fin trimtur der du kan ha med barnevogn det meste av vegen, men hald godt fast i vogna! Vegen følgjer Haugaelva og øvst oppe kjem du til idylliske Langedalsvatnet. Idrettslaget har turbokkasse ved vatnet.

Turforklaring Langedalsvatnet:

Lett tur til Langedalsvatnet. Parkering i sentrum. Frå sentrum går du inn langs Haugaelva til kraftstasjonen og skogsveg opp lia i Sævareiddalen. Det er relativt tung motbakke opp til daminntaket for småkraftverket. Herifrå er det sti opp til Langedalsvatnet (244 moh). Dersom du vil ha ein rundtur kan du gå ned att om Stuarskleiva, først på sti, sidan på eldre skogsveg ned til busetnaden ved Henangervatnet.

Andre turar i området

Frå Langedalsvatnet kan du ta deg over til Eikeland på vestsida, men stien er ikkje like lett å finna og det er ulendt og myrlendt. Følg kraftlinja.

Frå Stuarskleiva kan du ta ein avstikkar til Grøntua og utsynspunkt på Smørkollen (388 moh).

Adkomst

Adkomst via Fv 549. Parkering i sentrum av Sævareid.