Fossmarksætra

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 3.686 km
Turen går: Turen går tur/retur samme vei
Varighet: 4 timer
Gradering: Middels
Høydemeter totalt: 558
Sesong: April - Oktober
Område: Stølsheimen, bergsdalen og vossefjellene

Beskrivelse

Stanghelle idrettslag har merka opp ti turløyper i fjellområda rundt Stanghelle for å gje bygdefolket gode turtilbod i nærområdet. På kvart turmål er det ei bok der ein kan registrera seg, og kvar 17. mai vert det trekt ut premiar til deltakarane.

Denne turen går til Fossmarksætra (600 m.o.h.), den gamle stølen til bøndene i Fossmark. Turen startar frå E16, gå ca 100 meter nordover frå busshaldeplassen langs E16. Stien startar ved bekken. Deretter fylgjer ein godt merka sti opp lia, og her går det ganske bratt oppover. Jamn og god stigning, og det flatar ikkje ut før ein er nesten framme med stølen. Flott trimtur!

Adkomst

Parkering ved busslomme i Fossmark

Stoppesteder

Buss til Fossmark nord