Rundtur rundt Juvstøylen i Utvik

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 6.298 km
Turen går: Rundtur
Varighet: 2 timer
Gradering: Enkel
Høydemeter totalt: 563
Sesong: April - November
Område: Fjordane

Beskrivelse

Frå Hammaren ved Juvstøylen 460 mog har ein flott panoramautsikt over fjorden, breen og dei omliggjande bygder. Turen er ein rundtur

Turen går på traktorveg til Gardfjøsen og vidare austover mot elva Sandåna. Stien svinger seg bratt oppover langs elva til Juvstøylen, ein fin stad å raste og ta eit forfriskande bad i elva med kvit sandstein.

Juvstøylen er ein av få einbrukerstøyler og selet som står på svaberget er svært gammalt. Fjøsen romma 7 kyr og det var slåttekvie med høylade nedanfor støylen. Tørrhøy vart meisa og trilla til gards på vinterføre.

Herfra kan ein velje nedre eller øvre rås austover i delvis ganske myrlendt terreng mot Brulandstøylen. Den øvre råsa mot Frøysetstøylen går i flatt og fint terreng oppover langs elva og over myrane til Lavvuen. Her kan ein gå opp til vatna i Tistamskaret og over til Breim, vidare til Snøfjellet og Dunheia (umerka!!!). Stien fortset vestover til Frøysetstøylen.

Fra Juvstøylen kan ein også gå vestover opp til utsiktspunktet Nakken/Oppkoma og kome inn på øvre råsa mot Frøysetstøylen. Råsa vestover som skråar nedover og går over Juvsjuvet (Juvsgjølet) var tidligare brukt i skogsdrift med hest og

Adkomst

Når du er kommen til Utvik, køyrer du utover fjorden til du kjem til Juv. Her finn du parkering ved Kristisonen.