Frøysetstølen i Utvik

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 1.173 km
Turen går: Turen går én vei, fra A-B
Varighet: 2 timer
Gradering: Enkel
Høydemeter totalt: 318
Sesong: April - November
Område: Fjordane

Beskrivelse

Frøysetstølen ligg ca 520 moh, her ligg to gamle sel, som truleg er frå slutten av 1600 talet, med svært låge dører. Ein kan sjå tuftene etter to støylsfjøs på flata ovanfor sela.

Her var det plass til kring 9 mjølkekyr i kvart fjøs. Støylen ligg utanfor Juvsgjølet og ovanfor Langhamrane, som er eit langt hamreslag som strekkjer seg frå Juvsjuvet til Frøysetjuvet. For å kome seg opp forbi Langhamrane går råsa på slutten brått opp Stegen, der det tidligare var sperra av med grind slik at buskapen ikkje skulle ta seg ned om Langhamrane.

Turen går frå skilting ved fylkesvegen opp forbi gardstunet og vidare oppover der ein må passere 2 grindar. Deretter følg skogsvegen til parkeringsplassen i enden. Herfrå går merka rås svingande oppover til Kviletua, eit lite kryss, der ein kan gå ned til garden Juv, eller vidare mot Kvilefura, den gamle kvileplassen. Her flatar råsa litt ut før ein kjem til Stegen ved gjølkanten der det er bratt oppover til støylen. Ca. 300m før støylen går ei rås austover mot Juvstøylen, gjennom det ulendte og delvis litt krevjande Juvsjuvet (Juvsgjølet).

Frå Frøysetstøylen går det merka rås vidare oppover og rundt gjølet mot Juvstøylen. Råsa deler seg etter ca. 1.2 km der man kan velje å gå råsa over utsiktspunktet Nakken/Oppkoma nedatt til Juvstøylen eller fortsette på øvre råsa.

Adkomst

Frå Utvik, følg vegen utover fjorden til du kjem til Frøyset. Sving inn til venstre, og følg vegen til endes.