Rundtur rundt Valaker- og Brulandstøylen i Utvik

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 7.727 km
Turen går: Rundtur
Varighet: 2 timer
Gradering: Enkel
Høydemeter totalt: 351
Sesong: April - November
Område: Fjordane

Beskrivelse

Rundtur til Valakerstøylen (440moh) og Brulandstøylen (490moh)

Dette er ei tur som går innom 2 støyler der det er mogleg å utvide turen til Juv- og Frøysetstøylen på merka sti. Etter ca. 2 km på skogsveg tek ein av til venstre på merka rås til Valakerstøylen. Brått, men god rås gjennom granskog. Eller ein kan velje å fortsetje skogsveg 1 km vidare og så ta av til venstre på merka rås til Brulandstøylen.

Mellom desse støylane er det merka 2 km løype. Følg dei raude merka! Til tider lite tydeleg rås i delvis ganske myrlendt terreng med fleire små elvekryssinger. Frå Brulandstøylen går det merka rås vidare til Juv- og Frøysetstøylen.

OBS!! Ved stor vassføring kan elvekryssinga rett før Juvstøylen vere vanskeleg!

Frå Juvstøylen kan ein ta ei nedre rås tilbake til Brulandråsa

Adkomst

Når du har komen til Utvik, parker i enden av veg 1122.