Rundtur til Tisthamar og Moldrheimstøylen i Utvik

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 5.919 km
Turen går: Rundtur
Varighet: 3 timer
Gradering: Enkel
Høydemeter totalt: 378
Sesong: April - November
Område: Fjordane

Beskrivelse

Dette er ei ca. 6,6 km lang rundløype som går gjennom Tisthamar- og Moldrheimstøylen. Mot Moldrheimstøylen går ein på skogsveg ca. 1,1km før ein tek av opp til venstre på merka sti. Fin rås med grei stigning og ei elvekryssing.

Moldrheimstøylen ligg 425moh.
Der ligg 3 sel og 3 fjøser- der den eine no har ramla ned. Støylsdrifta tok slutt i 1962. Det går ei privat merka rås herifra til Vetestova - ei gammal samlingsplass for glopparane og grendene Tistam og Moldrheim. Råsa til Tistamstøylen går austover over støylsmyra og så litt stigning før det flater ut i fint ope terreng der ein må krysse 2 store elvar ( planlegg bruar i 2019).

Tisthamarstøylen ligg 475 moh.
Frå gammalt av var det 4 sel men i dag er det 5 sel midt på kvia og fire fjøsar som ligg samla i øverste kanten av kvia. Eine fjøsen er no gjort om til hytte. Herifra går råsa nesten rett nedover. Fyrst i veldig myrlendt terreng. deretter i tett skog/granfelt. På veg ned fins det eit gammal kvileplass med steinlagde sitjeplasser til støylsjentene, der dei fekk kvile med hylkja på ryggen. Vel ein å gå mot Tisthamarstøylen fyrst- ta skogsvegen fra parkeringsplassen til venstre og deretter føl skilting/merka rås til høgre. Skogsvegane til begge støylane er og fine turvegar.

Adkomst

Når du kjem til Utvik, køyr utover fjorden til du kjem til Tistam. Ta andre avkøyrsel til venstre, og køyr til endes. Her ligg det ein parkeringsplass.