Frå Ryssdalshornet via Restøylen ned til Breimsvatnet

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 6.959 km
Turen går: Turen går én vei, fra A-B
Varighet: 2 timer 30 minutter
Gradering: Middels
Høydemeter totalt: 360
Sesong: Juni - Oktober
Område: Fjordane Naustdal-gjengedal landskapsvernområde

Beskrivelse

Dei fleste som når Ryssdalshornet frå Ryssdalsstøylen går tilbake same ruta. Kva med å prøve ut ei alternativ rute?

Etter å ha nyte utsikta frå varden forlet du toppen og følgjer merkinga søraustover. På første del er det ofte snø, men du finn merkene fort igjen på andre sida av snøen. Merkene vil føre deg på ei fin rute ned fjellsida. Store delar av turen går du på rås, nokre gongar over snøfonner og myr.

Turgåarar som har svingt for tidleg ned til Restøylen har fått vanskar i bratt og ulendt terreng. Dette unngår du viss du konsekvent følgjer merkinga fram til vatnet inst i dalen. Her er det ein stor stein som viser kor ein svinger ned til Restøylen. Herfrå blir det litt brattare ned gjennom skogen og etter ca. 1/2 time når du Restøylen og ei imponerande utsikt. Skriv deg inn i trimboka og begynn siste delen på turen. Det tar ca. 1 time til du kjem ned til parkeringsplassen ved Breimsvatnet. Særleg siste delen ned frå Restøylen er bratt og blaut, men lett synleg og godt merka.

Det er lurt å ordne skyss tilbake til Ryssdalen. Du vil ikkje angre på å prøve denne turvarianten, men vent gjerne til mykje av snøen har reist. På Breimssida av fjellet held snøen seg lengre enn på ruta opp frå Ryssdalen. Turen frå Ryssdalshornet ned til Breimsvatnet tar ca. 2,5 timar.

Adkomst

Sjå turen Ryssdalen - Ryssdal http://ut.no/tur/2.8661/