Tisthammarskaret i Gloppen kommune

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 4.988 km
Turen går: Turen går tur/retur samme vei
Varighet: 1 timer
Gradering: Enkel
Høydemeter totalt: 297
Sesong: April - Oktober
Område: Fjordane

Beskrivelse

Ein lett og fin tur i vakker natur.

Vi går i litt myrete terreng i starten, men på god sti det meste av turen. Der er delvis steinlagt frå vegen og opp til Kvilestøylen.

På Tisthammarskaret er der fleire vatn der vi kan fiske og bade. Der er laga til med steinbord og benkar, så her er fint å ta ein matbit. Det er berre å ta med telt om du vil overnatte.

Om ein vil, går ein langs ved vatna og får utsikt til Nordfjorden. Turen kan sjølvsagt kombinerast med ein tur til Dunheia og Nordstrandsfjella, eller mot Snøfjellet, Fløtravarden og til Utviken.

Turen tar ca ein time ein veg.

Adkomst

Køyr frå Reed opp mot Utvikfjellet, ta av mot Hunskår og køyr bompengevegen til du kjem til ein bom, ca. 10 minutt før Kvilestøylen. I 2015 kostar det kr 60,- i avgift.