Øvre Standal - Åsane i Standal

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 4.971 km
Turen går: Turen går én vei, fra A-B
Varighet: 2 timer 30 minutter
Gradering: Middels
Høydemeter totalt: 123
Sesong: April - Oktober
Område: Fjordane Tuemyra naturreservat

Beskrivelse

Åsane strekkjer seg frå Nedre til Øvre Standal.

Frå parkeringsplassen går du på grusveg til du har passert beiteteigane i marka. Så går du rett sør til Øykjebergskaret. Vidare følgjer du stien vestover.

Det er lett terreng å gå i, men litt myrete heilt til austre enden av Åsane. Stien følgjer toppen av Åsane og øvste toppen av Nonshaugen 256 moh mot vest til Fjellsenden. Terrenget er slakt med unnabakke stort sett heile vegen og stien er stort sett tørr og det er fint å gå. Du kjem ned til gamlevegen i nærheten av Standal skule.

Når ein går utover/vestover ryggen av Åsane har du Standal mot nord og Svortevik mot Sør.

Adkomst

Turane våre startar frå parkeringsplassen i Øvre Standal, ta av frå Fv 611 mot Øvre Standal og køyr vegen til endes i Standalsmarka der det er merka parkeringsplass. Det vil bli satt opp informasjonstavle (under arbeid)

Linker