Lett tur frå Audestad opp over Heståsen

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 4.738 km
Turen går: Turen går tur/retur samme vei
Varighet: 2 timer
Gradering: Enkel
Høydemeter totalt: 304
Sesong: April - Oktober
Område: Osterøy

Beskrivelse

Lett tur først først gjennom liten granskog, så gjennom lauvskog og til slutt snaufjellet. Flott utsikt i alle retningar, både mot Havrådalen og sørfjorden i sør, Mjeldalen, Haus og Stemmeseggi i vest, Lonevåg og Osterfjorden i nord og Stongfjellet og Vedåfjellet i aust.

Ein tredjedel går på grei skogsveg. Elles god sti. Etter ca 1/3 går ein gjennom lita grind. Etter den kan stien av og til vera utydeleg eit lite stykke, men ein skal halda mot venstre der stien fortsette på ryggen av åsen.

Det er mogleg å forlenge turen til Såtefjellet og vidare til Vedåfjellet og ned igjen til til dømes Lidtun, eller så kan ein gå ned i Havrådalen og følge veg til utgangspunktet.

Adkomst

Med bil reiser ein over Osterøybrua og føl hovudvegen rett fram, tek til høgre i kryss på Rolland på riksveg 566. Ein tek til høgre like etter Mæle bru mot Audestad. Etter krapp venstresving og så en høgresving ser ein skogsvegen opp til venstre. Det er fleire stader det er mogleg å parkere langs vegen.

Stoppesteder

Med buss frå Arna tek ein buss 200 (om Gjerstad) til Mæle bru. Etter busstoppet går ein over bru og tek første veg til høgre nor Audestad. Ca 1,9 km til start på turen. Sjå beskriving over. Retur frå same staden. Ruter finn ein på skyss.no