Utsiktstur til Rødsteinen

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 5.797 km
Turen går: Rundtur
Varighet: 3 timer
Gradering: Middels
Høydemeter totalt: 643
Sesong: Hele året
Område: Stølsheimen, bergsdalen og vossefjellene

Beskrivelse

I starten går du gjennom blandingsskog opp til "Utsikten". Herfrå snor stien seg ned mot Rødsteinen. Stien nedover er ulendt og bratt, så du må gå forsiktig. Du har nydeleg utsikt mot Fusa, Tysnes og Fitjar. Ved Rødsteinen er det restar etter ein gammal husmansplass som du kan lese om når du kjem fram. Ca 200 meter frå husmanssplassen er det skilta inn til Eikjo. Dette gamle eiketreet blei nytta til å røyke fisk og kjøt i då det budde folk på Rødsteinen. Frå Rødsteinen er det skilta mot Lio, og frå Lio vidare tilbake til Rød. Det er fleire fine plassar kor du kan nyte havutsikta saman med nista.
Dette er ein flott tur som passar for dei fleste, men det er ganske ulendt frå Utsikten og ned til Rødsteinen. Det kan òg vera litt blautt, så hugs gode sko.

Adkomst

Det er ikkje tilrettelagt parkeringsplass for folk som vil gå denne turen, men det er flott å sykle inn til Rød.

Stoppesteder

Frå Osøyro tar du buss rute 606 inn til Rød i Hegglandsdalen. Gå 500 meter mot Samnanger. Du vil sjå infotavle og skilting på høgre side av vegen der turstien startar.

Linker