Kinn Sunnivaleia rundt øya

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 4.599 km
Turen går: Rundtur
Varighet: 1 timer 30 minutter
Gradering: Enkel
Høydemeter totalt: 111
Sesong: Hele året
Område: Fjordane

Beskrivelse

Dette er ein del av Sunnivaleia / Pilgrimsleia som går rundt øya på sørsida og over Høyskaret til Kinnakyrkja.

Turen startar frå rutebåtkaia og ein tek til venstre bak det kvite huset. Det er merka med pilskilt til Kinnakyrkja. På sørsida av øya finn ein rester etter eldre busetnad. Det er fin utsikt til Atløya, Tviberg, Alden, Værlandet og Bulandet i Askvoll kommune. Ein går over Høyskaret og nede på flata og tar ein til høgre mot kyrkja. Høyskaret er det høgaste punktet med 110 moh.

Frå Kinnakyrkja fortset ein til rutebåtkaia på den grusa vegen omlag 1 km. Du går forbi DNT hytta omlag halvegs.

På denne stien er det QR kodar der ein kan lese, ved hjelp av mobil app, om dei historiske plassan som ligg langs Sunnivaleia. Rett før Høyskaret ligg Olav Trygvason hellaren. Frå kyrkja til kaia er det 1,3 km på god grusveg. Synnivaleia går også over Reksta.

Det gamle skulehuset på høgre side av vegen er Flora Turlag si ubetjente DNT hytte som kan brukast av alle. Har du lyst på ei natt eller to på Kinn - ta kontakt med Signe Nordvik på telefon: 415 30 520 eller mail: signe.nordvik@gmail.com. Det er kodelås på hytta. Oppdatert informasjon om hytta finn du på ut.no: Kinn ubetjent DNT hytte

Sporet på kartert er gått som ein rundtur.

God Tur!

Adkomst

Rutebåt til Kinn

Stoppesteder

Rutebåt til Kinn

Linker