Topptur til Snadgjerdsheia

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 6.12 km
Turen går: Rundtur
Varighet: 3 timer
Gradering: Middels
Høydemeter totalt: 534
Sesong: Mars - November
Område: Dalane

Beskrivelse

Frå Hovsherad er Snadgjerdsheia grå og avvisande. Men du skal ikkje skua hunden etter håra.

Gå den private vegen frå Sætravegen mot Svenstjørna til du etter 500 m når ei bru over bekken frå Svenstjørna. Gå over brua og fylg traktorvegen 120 m til nødling på stor stein. Det aller fyrste stykket er stien delvis uklår, men den blir snart både god og tydeleg. Fylg stien på høgre side av 417,4-høgda og kryss Kamdalen på stien. Når den gode stien har ført deg opp kneika, møter du eit lettgått, venleg landskap med vakre fargar og idylliske tjørn. Og storslått utsikt over Hovsvatnet og Hovsherad. Turen er umerka.

Adkomst

Følg fylkesveg 4258 fra E39 ved Råse bru nordvest for Moi. Ved Handeland, følg fylkesveg 4260 (Sætravegen) til privat veg tar av til venstre like etter Sætravegen nr. 106. Parkering ved fylkesvegen.