Dale - Ådlandssetret

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 7.699 km
Turen går: Turen går én vei, fra A-B
Varighet: 1 timer 30 minutter
Gradering: Middels
Høydemeter totalt: 483
Sesong: Hele året
Område: Stølsheimen, bergsdalen og vossefjellene

Beskrivelse

Frå kommunal veg må du ta av til venstre gjennom det andre gardstunet på venstre hand. Stien går først på skogsveg før ein er inne på den gamle stølsvegen i Sørdalen som har enkelte bratte og våte parti. Ådlandssetret var fellesseter (støl) for gardsbruka på Ådland og Ådlandsdalen, i drift til 1949. Ådlandssetret er den siste mjølkesetra i Fusa som var i bruk. Fint kulturlandskap. Du kan gå vidare til Va og Altasetredalen på skogsbilveg. Alternativ tur tilbake er Norddalen forbi den tidlegare fjellgarden Bjergane tilbake til Dale.

Adkomst

Ta av frå fv 48 ved avkøyrsel mot Dale ved Kråkeskarstunellen. Parkering ved kommunal veg.