Topptur til Hest

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 7.104 km
Turen går: Rundtur
Varighet: 4 timer
Gradering: Krevende
Høydemeter totalt: 534
Sesong: April - Oktober
Område: Dalane

Beskrivelse

Frå parkeringsplassen langs Sætravegen ser du delar av turområdet. Bak jordbruksområdet på 350 moh reiser Strånnefjellan seg mot 600 moh. I si tid var Sætra støl for Austrheim. Etter bygdeboka blei to husmenn nemnd i 1624, dei må ha vore rydjingsmenn på dei nåværanda bruka.

Me vel å ta rundturen mot klokka og går nordaustover på bilvegen mot bruket Vebakken. Etter å ha passert bygningane på Vebakken, fylgjer turen bilvegen til og gjennom hyttefeltet. Turen blei rødmerka av Dalane Friluftsråd som topptur i 2013 og 2014. Den stig jamnt opp Sætrefjellan frå 370 til 600 moh. der den flater ut, passerer fleire tjørn og Hestdalen. Frå Hestdalen går det bratt opp til toppen - til Hest.

Nedstiginga er grei, når me ser bort frå nedre delen mot Botnestølen. Langs bekken og ved krossing av den er det oftast glatt fjell, turen får derfor graderinga krevande. Etter Botnetjørna går turen på bilveg og over dyrka mark. Eit alternativ til rundturen om Botnestølen kan vera ein umerka, kortare rundtur rundt Hest, gjennom øvre del av Hestdalen og tilbake den merka turen over Sætrefjellan og gjennom hyttefeltet.

Adkomst

Følg fylkesveg 4258 frå E39 ved Råså nordvest for Moi. På Handeland tar du til høgre på fylkesveg 4260 til Sætra. Parkeringsplass på Sætra.

Linker