Gløvrebu - Seløy

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 2.579 km
Turen går: Rundtur
Varighet: 1 timer 30 minutter
Gradering: Enkel
Høydemeter totalt: 157
Sesong: Hele året
Område: Øygarden

Beskrivelse

På Seløy er det bygd ein gapahuk ute i havgapet som heiter Gløvrebu. Høgdepunktet på denne turen er å gå gjennom “Gløvro” - ein smal passasje i fjellet. Passasjen er rundt 50 m lang, 10 m høg og ca. 40 cm brei på det smalaste – ei spennande oppleving. 

Sjå turen gjennom Gløvro her 

Frå Bakken gravplass: gå forbi infotavle og mot grinda. Gå vidare på grusa sti etter denne (lukk grinda, beitedyr) Følg merka sti heilt fram til Gløvrebu. Stien er lett å gå, litt kupert gjennom skogen. Når du kjem ut av skogen opnar det seg eit fantastisk utsyn ut over havet med holmar og skjær. Alternativt kan ein gå ytre løype ved stiskille eit stykke inni skogen. Denne turen går på nordsida av skogen og ein har utsikt mot hav og sjø store delar av turen. Den er nokre hundre meter lenger enn løypa gjennom skogen. 

Turkasse heng ved eit tre på sjøsida rett nord for Gløvrebu. Ved Gløvrebu er det satt opp bålpanne og små eldstader. Dette er ein fin plass å raste. Her er det også ein liten sti merka Trollstien. Her kan barna leike og kose seg. Gløvro ligg litt sør for Gløvrebu. Gå mot vardene på svaberget. Etter Gløvro kan ein fortsette vidare på stien i rundløypa tilbake til gravplassen. 

Seløy og Gløvrebu er eit turmål på "Kystpasset" som er eit turhefte med turar fra nord til sør i Øygarden kommune. Her finn du mange flotte turopplevingar og nye løyper for store og små, med ulik vanskegrad. Det er ein fantastisk moglegheit til å bli kjend med nye områder i kommunen.

Korleis få kystpasset? Les meir i vedlagt lenke.

Adkomst

Frå Bergen så følger du RV 555 til rundkøyringa på Kolltveit. Her tek du til høgre og følger vegen heilt til Hjelme kyrkje. Det er skilta mot Hellesøy. Parkering og start for turen er ved gravplassen på Bakken, rett etter Hjelme Kyrkje. 

Stoppesteder

Sjekk skyss sin ruteplanlegger for busstider til Hellesøy.

Linker