Dalestølen

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 2.323 km
Turen går: Turen går én vei, fra A-B
Varighet: 2 timer
Gradering: Krevende
Høydemeter totalt: 617
Sesong: Mai - Oktober
Område: Stølsheimen, bergsdalen og vossefjellene

Beskrivelse

Denne turbeskrivelsen er hentet fra heftet og tur nr 6 i "Høyr fjella lokka".

Opp gjennom stupbratta. Storslått utsyn.

Det er mange stiar som fører opp til Dalestølen, eller Dalesetret som det retteleg heiter. Me har
allereie nemnt at du kan gå kneikane opp frå Helle. Ein annan variant er opp Kyrarekkje ved
Dalegården, eller frå Storefossen øvst oppe i Bergsdalsvingane. Den kortaste vegen går imidlertid
frå Dale, ved hengjebrua på Øvre Eikhaugen. Starten på oppstigninga er merka med skilt.
Stien snor seg oppover den bratte fjellryggen, gjennom skog og kratt, over klyfter og oppetter skar.
Det er ein barsk opptur, men når fjellet tek til å strekkje seg ut og du nærmar deg seterbuene der
oppe, er det berre velstand. Går du ut til kanten, har du utsyn over heile den lune Dalebygda, med
dei omkransande fjella som held så godt rundt kvarandre, så langt auga kan sjå. Det er 670 meter
ned. Turen opp tek 1,5-2 timar.
Frå Dalestølen har du fleire moglegheiter viss du vil laga deg ein rundtur. Terrenget er småkupert
og fint å gå i. Dei alternative rutene er skilta på toppen. Ei av dei er turen til Herfangsstølen og
vidare til Høgabu, Bergen Turlag si eldste hytte her i fjellheimen(1937). Undervegs er det rikt med
fiskemoglegheiter og badekulpar i fleng. Hugs fiskekort.

Adkomst

Følg E16 til Dale. Parkering på baksiden av Dale of Norway.

Stoppesteder

Sjekk Skyss sin ruteplanlegger for tog og buss til Dale.

Linker