Rundtur i Bergeheia, til Lindtjørnsknuten.

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 15.233 km
Turen går: Rundtur
Varighet: 6 timer
Gradering: Krevende
Høydemeter totalt: 1045
Sesong: Mai - Oktober
Område: Dalane Sirdal

Beskrivelse

Første del av turen fell saman med tur til Fjellgardane Indre Sandstøl og Espelistøl. Dei gamle fjellgardane er omtala i den turen.

Følg dei blå merkene og kryss bekken frå Furbekktjørna på den gamle brua. Etter Indre Sandstøl deler stien seg. Venstre alternativ er det kortaste og tørraste, men òg det brattaste. Høgre alternativ var nok den vanlege vegen mellom gardane. Stiane møtest i tunet på Espelistøl.

Like før den blåmerka turen kryssar bekken frå Kvednhushølen, tar eit umerka alternativ av til venstre. Har du kart, fyll flaskene, finn dyretråkket og følg det umerka alternativet der du finn ein og annan nødling langs turen. Like etter at du har kome til Raunelivatnet med den idylliske stranda, tar du av dyretråkket som vist på kartet.

Du har nå nærkontakt med eit område som ifølge Norsk Vind er "under utvikling" som Bergeheia Vindpark, jf. lenke under. Norsk Vind ser i forhåndsmeldinga til NVE fram til at totalhøgda på dei 50 turbinane vil vera på mellom 200 og 250 meter. Utviklingsplanane møter stor motstand. Facebookgruppa Nei til vindkraft i Sirdal og Lund har 3000 medlemmer.

Terrenget mot ryggen mellom Raunelivatnet og Øvre Fiskeløys er lettgått. Når du går over ryggen har du truleg vondt for å forstå at nokon kan planlegga hovedveg til eit vindindustriområde her! Du møter den blåmerka turstien, tar mot venstre og går mot Lindtjørnknuten. Du går langs minst tre brudled, jf. Kulturminnesøk (kulturminnesok.no). Litjødndalen kryssar du utan særlege problem.

Heimturen kan du ta i den blåmerka stien.

Adkomst

Følg fylkesveg 4258 mot Bjørnestad frå E39 ved Råså nordvest for Moi. Eller følg fylkesveg 42 til kryss ved Bjørnestad. Frå krysset følger du fylkesveg 4258 mot Moi. Parkering på parkeringsplassen 200m sørvest for Furbekktjørna.

Linker