Høghei frå Haukland

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 12.503 km
Turen går: Rundtur
Varighet: 4 timer
Gradering: Middels
Høydemeter totalt: 955
Sesong: April - Oktober
Område: Dalane

Beskrivelse

Frå Høghei har du storslått utsikt over Hovsvatnet, Hovsherad og Drangsdalen. Villsauer beiter i området og båndtvangen gjeld heile året.

Av den 12 km lange turen går 7 km på bilveg. Brukar du bil, er det kanskje eit betre alternativ å køyra til Handeland og gå turen derfrå.

Denne turen passerer Nordmark der bygdeboka fortel om ein øydegard. Seinare kjem me til Øygarden, der namnet fortel om nok ein øydegard. Like etter Øygarden tar turen av bilvegen og går over i blåmerka sti. I stidelet tar du til høgre opp kneika og på toppen av kneika ser du Høghei. Du krysser dalen og går opp til toppen på god sti. Nyt utsikten!

Nord for Høghei passerer du Stutepollen og steingard i grensa mellom Haukland og Handeland. Avtalen med Handeland om skiftelinja er datert 11. juni 1870. Etter kneika ved Stemmetjørn finn du gode badeplassar. Nord for Nonåstjørna møter du traktorveg ned til Handeland. Du skal til Haukland og vel stien til høgre. Den blåmerka stien møter bilveg som fører langs Stølsvatnet og vidare ned til utgangspunktet.

Adkomst

Frå hovedavkjørslane til Moi sentrum følg du Hauklandsveien mot nordvest. Ta til høgre i kryss med Øvre Hauklandsveienog følg vegen til nummer 18. Parkeringsplassen finn du til høgre like etter du har passert nummer 18.

Linker