Kjedleknuten - Besseggen i Dalane?

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 7.635 km
Turen går: Rundtur
Varighet: 4 timer
Gradering: Krevende
Høydemeter totalt: 447
Sesong: April - Oktober
Område: Dalane

Beskrivelse

Følg blåmerkinga til Gauksåmknut. Fortsett 400 m på flata før du tar til venstre opp til Åsefjell på 604 moh. Så ned i skaret og opp til Kjedleknuten. (Folk med høgdeskrekk liker nok betre å gå opp her framfor ned. Går du motsatt veg, kan det vera best for magen å ta av stien etter Kjedleknuten og gå ned mot søraust før det blir bratt.) Postkassa er på Kjedleknuten på 631 moh. Vidare går turen ned i Rauneskar og opp på ein fjellrygg på rundt 610 moh. Så ned i det tredje skaret før turen stiger til ein rygg på 604 moh. Fortsett på fjellryggen og ta til venstre ned til den gamle ferdselsvegen mellom Hovsherad og Sirdalsvatnet ved Virak. Følg stien til Sirihola og Langelandsstølen.

Etter bygdeboka har Langelandsstølen eit tynt moldlag over morenegrusen. I ei solvendt bakke ser me spor etter åker og me finn òg fleire hustufter. Nokre er rester etter stølshus, andre har forhistorisk preg mens nokre er frå nyare tid. Det finnes både rydningsrøyser og gravrøyser. I kulturminnesøk.no har Riksantikvaren lagt inn: "Tuft 19 x 5,5 m SV-NØ, 4 rom. Tuft 20 x 6 m 2 rom: Innh., ukl. Gardfar, utgard, rydningar."

I skattelistene finn me Mikkel som den første i Langelandsstølen i 1664.
Karen Sørensdtr. blei fødd på Langelandsstølen i 1692 som den yngste av fire søstre. Ho blei dømd til døden 23. mai 1718 for blodskam. Under transporten til Stavanger fekk ho rømme, fortel bygdeboka. Den fortel ikkje om faren fekk straff. I 1723 hausta dei 5 tønner korn og fødde 2 kyr og 6 sauer. Svigersonen til Søren og svogeren til Karen fekk skøyte på garden 11. nov. 1738, men "løp frå alt i 1751 og selde alt for ein billeg pris". Han var den siste som budde på Langelandsstølen, som blei øydegard.
På slutten av 1700-talet gjorde myndigheitene forsøk på å få tatt opp att øydegardar. Lunddølane sa det slik på tinget 23. okt. 1792: "I en rekke år hadde familier prøvd livet her oppe, men jorden var ufruktbar. Det var ikke et sted folk kunne bo. Plassen har ligget øde i 40-50 år, og ingen mann vil sette seg til der."

Frå Langelandsstølen fylgjer du ånå frå Langelandstjørna tilbake til Sætra. Legg merke til kloppar og steinsettingar langs ånå.

Adkomst

Følg fylkesveg 4258 frå E39 ved Råså nordvest for Moi. På Handeland tar du til høgre på fylkesveg 4260 til Sætra. Parkeringsplass på Sætra.

Linker