Kandal - Longevasshytta - Fitjevårstøylen der du startar og avsluttar i Gloppen Kommune

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 26.549 km
Turen går: Turen går én vei, fra A-B
Varighet: 2 dager
Gradering: Krevende
Høydemeter totalt: 1480
Sesong: Juni - November
Område: Fjordane Naustdal-gjengedal landskapsvernområde

Beskrivelse

Turen er "vill og vakker" og du får mykje fint med deg på turen!

I Kandalen er der mange fine plassar, vi kan gå i dalar, eller vi kan gå på mange fine toppar.

Denne turen startar vi på Myklandstøylen som fortsatt er i drift. Vi går inn dalen, noko som tar ca. ein time. Då har vi gått flatt og fint, her startar ein bratt bakke. Her er god sti og merka til Vetledalen og Kattadalen. Der er ei bru som av og til er utlagd, er det stor vassføring kan det vere veldig vanskeleg å kome seg over. Nokre gongar er vassing einaste løysinga.I Vetledalen er det er opa sankehytte med utedo.

Turen er skilta og merka, men merka er ikkje tydelege alle plassar.

Vi reknar ca. 5 timar til Longevasshytta. Longevasshytta er i 2016 påbygd. (Du kan sjå meir om hytta på http://www.ut.no/hytte/3.2226/)

Når du er på Longevasshytta kan det vere freistande og gå "rett på" Blådalen, men det er lurt å gå dei få hundre meterane tilbake til stikrysset, og finne at stien.

Etter ein visitt i Jølster går vi til Gloppen att. Vi går til Blådalen, ei av perlene på turen. (om ein overnattar i telt kan Blådalen anbefalast).

Vidare går turen til Fagredalsreset, Stoda og etterkvart forstår vi kvifor dalen heiter Langedalen. Her er mange fine plassar, men det er ein forholdsvis lang tur. Det gjeld å ta pausar og nyte utsikta.

Vi trur vi er komne i mål når vi er på Fitjestøylen, men hugs at vi har eit stykke att til Indre Skaret og Fitjevårstøylen.

Turen frå Longevasshytta til Fitjevårstøylen er ca. 13,7 km og tar 5-6 timar, Myklandsstøylen-Longevasshytta er ca. 11 km, totalt ca 25 km.

Adkomst

Ein må køyre med privatbil for å kome til Myklandstøylen, eller Fitjevårstøylen. Det er greie parkeringsplassar, hugs bompengar.