Nyken - utsiktspunkt på Skei

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 0.992 km
Turen går: Turen går én vei, fra A-B
Varighet: 1 timer
Gradering: Enkel
Høydemeter totalt: 212
Sesong: Juni - Oktober
Område: Breheimen med jostedalsbreen

Beskrivelse

Nyken er ein flott og kort tur til nydeleg utsikt over Jølstravatnet og Skei. Turen startar ved Dammen i Fossheimsdalen, og går i myrlendt terreng opp til ryggen "bak" Skei. Merkaog skilta rute på sti som er relativt godt synleg. Kan vere noko vått og myrlendt terreng å gå i. Spesielt dersom det har vore mykje nedbør. Frå toppen får du nydeleg utsikt over Jølstravatnet i vestleg retning, og over sentrum på Skei. Det er lurt å bruke litt tid på toppen og gå bort på høgda 726. Du vil her få enno ei anna utsikt. 

Du brukar kring 20-30 minuttar opp frå Dammen. Du kan forlenge turen ved å parkere bilen heilt nede å gå opp skogsvegen. Mange har skogsvegen som trimrute og skriv seg inn i bok som er ved Dammen. Frå Nyken kan du gå vidare på skilta rute til Skafonnfjellet, Høgenipa, Kleivafjellet og Vikastøylen. Sjå lenker for å få informasjon om desse rutene. 

AC Kapstad for IST 

Adkomst

Ta av E39 mot Fossheim. Køyr skogsveg opp til Dammen der det er god parkering. Bom kostar 50 kroner (Vipps).

Linker