Kjeringjo - Tindaslottet

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 10.54 km
Turen går: Turen går én vei, fra A-B
Varighet: 4 timer
Gradering: Middels
Høydemeter totalt: 594
Sesong: April - November
Område: Sunnhordland

Beskrivelse

Turen til Tindane, 596 m.o.h., kan du velja å ta som ein kort tur, rett frå Vistvik opp til toppen. Det er merka kor du skal ta av frå grusvegen. Denne turen er om lag 5,5 km t/r. Tindaslottet er ei lita steinhytte som ligg like ved toppen.

Alternativet via Kjeringjo er dobbelt så langt. Denne rundturen tek deg forbi Kvednavatnet, der det er laga til ein leirplass med gapahuk. Med utsikt mot Midtfjellet vindpark går du så vidare til Svartavatnet, med ein stein som heiter Kjeringjo. Dette er eit viktig stikryss, der du har dei fleste høge fjelltoppane i Fitjar kommune innan rekkjevidde. Frå Svartavatnet går stien vidare i kupert terreng bortover mot Tindane.

Sidan eg ikkje hadde gått her før, bomma eg litt på stien både før og etter toppen. Det går likevel fint å følgja sporet mitt, dersom du ikkje er noko flinkare enn meg å følgja stiar.

Adkomst

Parkeringsplass i Vistvik, like ved E39.

Stoppesteder

Frå Fitjar og Leirvik kan du reisa med lokalbuss, rute 671. Du kan også ta Kystbussen til Vistvik.