Manfjell

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 14.054 km
Turen går: Turen går tur/retur samme vei
Varighet: 6 timer
Gradering: Ekstra krevende
Høydemeter totalt: 1130
Sesong: Juli - Oktober
Område: Stølsheimen, bergsdalen og vossefjellene

Beskrivelse

Det er fleire vegar til Manfjell, ruta som er beskrive her er med utgangspunkt i Hovland.

Frå Hovland fylgj skogsveg mot Blomsete. Frå Blomsete på sti oppover lite dalføretil Hyrting. Frå Hyrting fortset ein på sti mot Laupsaflyane, men tek litt etter høgste punktet av til høgre, og fylgjer spreidd varding til toppen av Manfjell. Vegen er ikkje alltid sjølvsagt så fylg med på vardinga.

Det er også mogleg å gå til Manfjell via Skårsete og Skarpenuten, ein tek då av frå stien, som går mot Oaldstjørn, før denne bikkar nedover att, og fygljer fjellryggen mot toppen.

Fitjadalen via Laupsaflyane er og eit greit alternativ, ein fylgjer då same rute som beskrive her frå stien mellom Laupsaflyane og Hyrting.

Adkomst

Frå Øystese ta av Fv7 mot Soldal, fylgj skilting. Seinare ta av på Hovlandsvegen. Parker ved starten av skogsvegen på Hovland. Ta hensyn ved parkering.

Stoppesteder

Ikkje tilgjengeleg kollektivt med mindre ein vil gå mykje på asfalt eller ta drosje.