Postvegen over Skjydalsheia

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 10.996 km
Turen går: Turen går én vei, fra A-B
Varighet: 4 timer
Gradering: Middels
Høydemeter totalt: 432
Sesong: April - Oktober
Område: Dalane

Beskrivelse

Du kan starta turen både frå Eik og Ualand.

Ferdsel over Skjydalsheia har det vore lenge. Eik og Hove i Lund og Ualand og Ollestad i Heskestad har hatt busetnad langt tilbake i tida. På Hove var det hov, så det kan ha vore stor ferdsel over heia før kristendommen blei innført.

Postgangen mellom Christiania og Stavanger blei satt i gong frå 1652. Skjydalsheia i Lund var særleg berykta, fordi vegen der skulle koma opp i 540 moh. på det høgaste, og snøen låg fram til pinse. (Vegen er nok ikkje høgare enn vel 450 moh.) Postbøndene måtte bruka ski eller truger og vera to i fylgje.

Generaladmiral Gyldenløve var med då Fredrik IV for over Skjydalsheia i 1704 på veg mellom Lund prestegard og Helleland prestegard. Det var den aller styggaste vegen han hadde sett i alle sine leve-dagar. Stup langs vegen, steinar som lea på seg når hesten sette foten på dei, og trefte ikkje hesten stein i myra, seig han slik at han ikkje kunne unngå å falla. Kongefølgjet gjekk store deler av vegen over heia.

Frå Ualand fylgjer du bilvegen gjennom Ualand gard, passerer vassforsyningsanlegget til Lund kommune og går inn dalen i eit vakkert kulturlandskap. Ta til høgre etter Kotleskaret og kross dammen i Kotletjørna. På plassen Kotleskår budde husmannskona kalt Kotlå i 1637 etter sagn gjengitt i Heskestadboka. Ho skulle ha helsa Kristian IV då han drog forbi med desse orda: "Velkomen i okka land og rige!" Kongen skal ha svart: "Det er ikke dit rike, men mit." Tolleiv frå Handeland i Hovsherad var tenar på plassen rundt 1700 - ti år gamal. I 1711 var Kotleskår øyde og kanskje ikkje lengre i bruk som buplass.

Sør for Gjuvvatnet står Krossen på Skjydalsheia, reist på midten av 1950-talet som erstatning for ein tidlegare kross. Den gamle krossen står i Heskestad Bygdemuseum og årstalet 1637 er tydeleg. Ein av ombodsmennene til kongen døydde det året på heia mellom Urvatn og Gjuvvatnet. I området ligg òg eit varp - ein samling små stein som er samla gjennom åra. Slike varp oppstod på stader knytt til tragiske hendingar som dødsfall.

På veg mot Urvatnet krossar du Stongsmyran. Ved nordsida av myra ligg tuftene etter Stålestova. Lundboka kaller Ståle eit udyr som drap når han såg fordel i det. Boka seier òg at han blei dødsdømt etter å ha drepe 11 menneske. Hadde han klart tylfta full (12), ville han etter Lundboka sluppe straff, etter rettsoppfatninga frå den tida.

Den fråflytta garden Kjørberg har vore busett gjennom heile 1600-talet, fyrste tida med husmenn. Frå siste del av 1600-talet til siste del av 1800-talet var det to bruk på garden. Kjørberg har vore utan fast busetjing sidan 1890-åra.

Til slutt ei historie frå Kjørberg med data frå Lundboka.

Berte Malene Torjesdtr blei fødd på Kjørberg og døypt 9. okt. 1814 som yngste barn til Torje. Eldste bror hennar, Omund Torjeson, tok over det eine av bruka på Kjørberg frå faren deira. Men Omund flytta snart frå bruket og selde det ut av familien. Etter nokre år eigde Peder Tollakson bruket. Eldste sonen Tollak tok over. Tollak Pederson blei døypt 21. nov. 1802.

Nest eldste broren til Berte Malene Torjesdtr, Ole Andreas Torjeson, tok over det andre bruket på Kjørberg 23. okt. 1829. Han budde der saman med faren Torje. Ole Andreas døydde då han akte heim høy frå heiaslått. Det skulle sjå ut som om han hadde runne mot eit tre, men mange snakka om mord. Gravferda var 25. feb. 1840. Torje fall ganske saman og naudba eldste dottera si, Guri Malene Torjesdtr, komma frå Rusdal og ta over bruket.

Berte Malene Torjesdtr blei gift med Tollak Pederson 2. juni 1840. Dei var 26 og 38 år gamle og budde saman med foreldra hans. Lundboka skriv at slike forhold er vanskelege, og her gjekk det ikkje. Den unge kona flytta til det andre bruket på Kjørberg, til far hennar og søstera. Tollak tok dette «fælt alvorleg» etter Lundboka. «Han følte stor skam og grudde for folkesnakket.» Ein sundag Tollak og Berte Malene gjette kvar sin buskap i heia, kom ho ikkje heim om kvelden. Dei fann henne under eit fjell, og det skulle sjå ut som om ho hadde falt. Men det var mykje som ikkje stemte. Nærare undersøkingar førte mistanka mot mannen. Tollak blei dømt for mord.

Dottera til Guri Malene blei fødd 19. mai 1847. Ho fekk namnet Berte Malene, som tanta.

Frå Kjørberg går traktorveg ned til Eik.

Adkomst

1. Følg fylkesveg 4258 frå E39 ved Råså nordvest for Moi. Parker ved treskofabrikken i bygdesenteret på Eik. Følg den kommunale vegen mot Hove til turen starter sør for Hovevegen 1. 2. Følg fylkesveg 4268 sørover frå E39 ved Ualand eller nordover frå E39 ved Heskestad. Ta av fylkesvegen ved skilt med visning mot Ualand gard. Parkeringsplass like ved fylkesvegen.

Linker