Over Vidden (fra Montana til Ulriken til Fløyen)

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 14.905 km
Turen går: Turen går én vei, fra A-B
Varighet: 6 timer
Gradering: Middels
Høydemeter totalt: 713
Sesong: Hele året
Område: Arna Årstad Åsane Bergen Bergen byfjell sentrale byfjell Bergenhus Fana

Beskrivelse

Dette turforslaget ble opprinnelig publisert i boken "OPPTUR BERGEN». Vi takker Selja Forlag for tillatelsen å kunne legge ut turbeskrivelsen i ut.no. "OPPTUR BERGEN" er en inspirerende turbok med 151 turfoslag i Bergen og omegn.

Start: Johan Blyttsvei, Montana Vandrehjem

Tid: 5 - 6 timar

Høgd: 100 - 650 - 300 moh.

Lengd: 15,5 km

Eit stykke ovanfor Haukeland Universitetssjukehus, ved Johan Blyttsvei, tek han til, den mest klassiske av alle bergenske fjellturar: Turen over Ulriken og Vidden til Fløyen.

Det er ein etter måten lang tur, men likevel ikkje veldig krevjande. "Vidden" er ein vestleg rest av det same fjellplatået som utgjer Hardangervidda. Turen over Vidden er retteleg ein høgfjellstur, og når du først er komen opp, er det flatt og fint og lett å gå.

Stigningane i starten er ikkje avskrekkande. Stien minner i starten mest om ein steinsett motorveg, der han går ut frå Johan Blyttsvei. Stien smalnar til via "Korketrekkeren", men det er framleis lettgått. Vel oppe følgjer du stakane frametter forbi Djervhytten og Årstadhytten, svingar austover mot Turnerhytten, så nordover att forbi Smedmyrane og opp på turens høgaste punkt (32V 0302213 6698786). Herifrå går det slakt men jamt over nedover, berre avbrote av nokre få, korte stigningar.

Stien er tydeleg, og med jamne mellomrom er det skilt som viser veg. Ein avstikker vest til Storhaugen (32V 0301979 6699669 er verdt innsatsen. Her er det fantastisk utsyn mot byen langt der nede.

Borgaskartet, Alfjellet og Langelifjellet legg du bak deg. Forbi Øvre Jordalsvatnet og fram mot jordalsskaret. Her svingar stien sørvestover fram mot Hyttelien, og då er du inne på den grusa turvegen frå Svartediket og over Rundemanen.

Her ligg Bergensbakken, hoppbakken som vart bygd for kommunale midlar i slutten av 1930-åra. Nokre få renn vart arrangerte her, men det viste seg snart at bakken ikkje var tilfredsstillande. Mellom anna var unnarennet for flatt, dessutan var vindtilhøva ofte dårlege. Difor vart det alt i 1948 bestemt at bakken skulle leggjast ned. Men restane av bakken er enno godt synlege.

Frå Rundemanen er det berre å følgja Rundemansvegen ned forbi Brushytten og vidare fram mot Fløyen. Turen ned fra Fløyen kan man enten ta med turistattraksjonen Fløibanen, eller til fots.

Adkomst

Noen parkeringsplasser ved nederste stasjon av Ulriksbanen, ellers langs veiene i Montana. Ofte vanskelig med parkering på fintværsdager. Best å velge kollektivtransport.

Stoppesteder

Buss 12 til holdeplass Montana. Sjekk reiseplanleggeren på skyss.no

Linker