Nøttveitveten frå Solendfjellet

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 1.478 km
Turen går: Turen går én vei, fra A-B
Varighet: 1 timer
Gradering: Enkel
Høydemeter totalt: 159
Sesong: Hele året
Område: Nordhordland

Beskrivelse

Flott fottur gjennom området som er vald til tusenårsstad i Radøy kommune til Nøttveitveten (205 moh).

Turen startar på høgaste punktet på bilvegen mellom Marås og Manger. Følj grusvegen derfrå mot oppover til grusplassen, vidare gjennom grinda ("kissing gate") og ta til høgre like etter. Følj stien derifrå. Rett etter Dyrdalen (der ein ser grunnane etter fleire skjeneflorar), kan ein velja å gå gjennom skogen eller stien utanfor skogen, litt lengre vest. Det er stien utanfor skogen som er innteikna på kartet. På toppen av Nøttveitveten er det sett opp ein varde, og like nedanfor er det sett opp ein gapahauk der ein kan setja seg ned. I gapahauken heng turboka ein kan skriva seg inn.

Adkomst

Parkering på Solendfjellet.

Stoppesteder

Buss til Li eller Solend.